1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Vinn-vinn med skattejakt i kulturarven

Kulturarven er som eit kikhol attende til fortida og som inspirasjon for framtida. Gjer undervisinga spanande, engasjerande og annleis med fiks ferdige undervisingsoppgåver i ei rekke fag som oppfyller læreplanens kompetansemål.

Velkommen til Kulturarvskolen!

Undervisingsoppgåvene på denne læringsplattforma er utvikla for å pirre skapargleda, engasjementet og utforskartrongen hos elevane. Målet er å la barn og unge oppdage og lære av spora som er sett av menneska som har levd i Noreg før oss. Nokre oppgåver trenar elevane i å vurdere om informasjonen dei finn er til å stole på. I andre oppgåver presenterer elevane kulturminne eller eigen slekt gjennom å lage digitale bøker, filmar eller dataspel.

På oppgåvesida finn du ferdige undervisingsopplegg for ulike klassetrinn og ei rekke fag. Men før du kaster deg og elevane ut i skattejakta: Ta ein titt i margen til høgre – så tek vi deg gjennom kulturarven og læringsplattforma trinn for trinn.

Kulturarven i læreplanen

I opplæringslova heiter det at opplæringa i skole og læreverksemd skal opne dører mot verda og framtida, og gje elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring. Vidare står det at opplæringa skal bidra til å utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og vår felles internasjonale kulturtradisjon.

Koen giver kaker og oksen mjød; spør ei om den smaker sur eller søt; hovedsaken er, det får du ei glemme, den er brygget her hjemme

Tips til bruk av nettsida i undervisinga

Oppgåvene du finn på denne nettsida, er sortert ut frå skolefag og tilrådd årssteg for elevane. I nokre av oppgåve står det oppgitt kva kompetansemål i læreplanen som blir oppfylt gjennom arbeidet. Det er òg oppgåver utan kompetansemål som vi likevel trur vil vere til stor nytte for elevane si utvikling av og forståing for eiga identitet og vår felles kulturtradisjon.

Nysgjerrig? Klikk deg gjennom trinna ute til høgre på sida her - så får du oversikta over Kulturarvskolen på 1-2-3!

KLAR FOR SKATTEJAKT?

Klikk deg gjennom vegvisaren nedanfor, så får du på plass kulturarven og ein haug spanande undervisningsoppgåver på 1-2-3!

Trinn 1: Intro til kulturarv

Kva er kulturarv? Kva verdi har kulturminne? Kva har så dette med meg å gjere? Snurr film og bli klokare på tre minutt!

Trinn 2: Fordjuping i kulturarv nær deg

La elevane klikke seg inn på kartet og oppdage den rike kulturarven der dei bur.

Trinn 3: Undervisingsoppgåver

Dra på skattejakt i kulturarven - med undervisingsoppgåver utvikla for ei rekke fag og alle årstrinn!

KLAR FOR SKATTEJAKT?

Nå som de veit kva kulturarv er, kan de grave i ein haug med spanande oppgåver.