1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Ob Fs0286 2

Foto: Aage Storløkken, tilhører i dag byhistorisk samling i Oslo Museum, www.digitaltmuseum.no

Ob Fs0286 2

Kaste på stikka

Barn i dag ser lite til ordentlege pengar. Leik dykk til betre rekneferdigheitar med denne klassikaren.

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

  • Ein haug med einkroningar eller femøringar
  • Du treng 3-5 myntar per elev
  • Egna uteområde med jamt underlag som hardtråkka grus, asfalt eller liknande.
  • Pinne eller stein til mål

Slik gjer de

Sett ei pinne i bakken eller finn ein stor stein. Det er dette som er stikka, eller målet. Det går også an å kaste mot ein vegg eller strek.

Teikn ein strek eit stykke unna - i passe kaste-avstand for dine elevar. Det kan være lurt å dele klassa i fleire grupper dersom de er mange, og lage fleire mål.

La kvar elev komme og ta fem mynter før dei stiller opp i rekke bak kastestreken. Kvar elev kastar ein mynt mot målet etter tur. Den som ligg nærigast, treng ikkje kaste meir. Dei andre fortsett å kaste til dei ikkje har fleire pengar att.

Den som til slutt ligg nærigast målet, vinn.

No kan de enten fordele pengane likt på alle spelarane og starte på nytt, eller prøve ut denne gamle måten å fordele gevinsten på:

  • Vinnaren tek alle pengane i henda sine og ristar dei. Han vel så om han vil ha kron eller mynt, før han kastar pengane utover. Valte han kron, får han alle myntene som landa med kron sia opp, og motsett viss han valte mynt. Deretter er det den som kasta nest nærigast stikka, som får velje kron eller mynt og kaste resten av pengane utover. Slik fortsett det til alle pengane er delt ut. Denne metoden gir elevane best høve til å øve på teljing.

Bildet er tatt av Aage Storløkken og tilhøyrar i dag byhistorisk samling i Oslo Museum. Vi har henta bilde frå www.digitaltmuseum.no.

Klar for oppgåve?

TIPS

Kva med å få skulen til å kjøpe inn eit sett med gamle femøringar som heile skulen kan dele på? Femøringar var den opprinnelege stikkamynten og god og tung å kaste.

KOMPETANSEMÅL

Etter 4. årstrinn

  • vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar
  • samhandle med andre i ulike aktivitetar

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen