1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

IMG_0372-1
IMG_0372-1

Trykk på skinnfell

Lag eigne trykkblokkar av liggeunderlag og trykk på skinnfellar.

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

  • Skinnfellar, stoff eller papir å trykke på
  • Papir og blyant til skisser
  • Eit gamalt liggeunderlag med svampaktig overflate
  • Treklossar til å feste blokkane på
  • Sakser og tapetknivar
  • Strikkepinnar og andre ting til å lage mønstre
  • Trelim
  • Tekstilmåling
  • Skumgummiruller eller svampar
  • Brett/isboksar til å ha målinga i
  • Måleforklær
  • Duk eller anna dekke til arbeidsbordet

Slik gjer de

Saueskinnsfellar har trulig vore i bruk i norske senger så lenge det har vore folk og sauar i landet. Før var det vanleg med både mor og far og eit par ungar i same seng, og det var kaldt i husa. Fleire skinn måtte syast samen for å kunne dekke over dei alle. Heilt fram til 1800-talet var det vanleg at bøndene tilrådde og sydde skinnfellane sine sjølv, eller dei fekk hjelp av ein dyktig nabo.

Nokre stader i landet var det vanleg å trykke mønstre og symbol på fellen. Symbola skulle kanskje gi både fruktbarheit, vern, lykke og eit langt liv. Trykkblokkane blei laga i tre og farga fekk dei ved å koke ei suppe av barken frå or eller bjørk. Stemplane blei dyppa i suppa og trykt på fellen. Ofte blei det laga ei bord ved å gjentaka det same mønsteret rundt fellen. Mønstra har ofte fellestrekk med mønstre frå treskjering. Resten av fellen blei delt inn i felt der det same mønsteret gjekk att, slik du også kan sjå i rosemalingsmønstre. Initialar og årstall kom ofte også med.

Slik lagar de trykkblokkar

Først må elevane velje kva slags mønster dei vil lage. Er det nokre teikn med lokalt tilhøyre? Kva figurar eller dyr er elevane sjølv glade i? Trykkblokkane bør ikkje vere for kompliserte då det kan bli vanskeleg å få skåre dei fint ut av liggeunderlaget. Bruk gjerne pregreiskaper som strikkepinnar til å lage mindre mønstre på større flater etter at liggeunderlaget er limt fast på treblokkane. Sirklar, soler, hjarto, blomar og stjerner kan fungere fint for dei minste barna.

La elevane teikne skisser av trykkblokkar på papir og ei skisse over korleis dei ser for seg heile arbeidet sitt med border og mønstre.

Farge

Tekstilfargane kan vere litt tjukke og kan godt tynnes med litt vatn. Hell litt farge på eit plastbrett eller liknande og rull farge over på skumgummirulla. Deretter rullar du rullen over trykkblokken. Rull over i fleire retningar slik at du får fordelt farga best mogleg. Unngå luftbobler. Trykk blokken rett ned og løft den rett opp igjen. La fellane tørke ein times tid før de flyttar dei. Etterpå må dei henge til herding i ein til to veker.

Skulle trykket bli feil, kan de pusse vekk fargen med sandpapir når fargen har tørka. Det blir finast om du berre pussar i ei retning.

Tekst og bilde: Kjersti Frackmann Strass
Kjelder: Skinnfeller du kan lage selv av Britt Solheim, St. Svithun husflidslag Ung husflid-gruppe, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen

Klar for oppgåve?

TIPS

Det er også mogleg å trykke på vanleg tekstil, tre eller papir.

KOMPETANSEMÅL

Etter 2. årssteget

  • nytte dekorative element frå kunst og kunsthandverk i eigne arbeid

KOMPETANSEMÅL

Etter 7. årssteget

  • nytte ulike teknikkar til å behandle overflata av eigne arbeid

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen