1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

BLI MED PÅ SKATTEJAKT I KULTURARVEN!

Gjennom spanande oppgåver for skuletrinn og barnehagar ynskjer vi med Kulturarvskolen å auke kunnskapsnivået, og barn og unge si forståing av eiga identitet samtidig som dei opplev læringa som stimulerande og artig.

Undervisningsoppgåvene skal pirre skapargleda, engasjementet og utforskartrangen hos elevane, og la dei oppdage lære av spora som er sett av mennesker som var her før oss. Nokre oppgåver trenar elevane i å vurdere om informasjonen dei finn er til å stole på. Gjennom andre oppgåver presenterar elevane kulturminne eller eiga slekt gjennom å lage digitale bøk, filmar, lysbildefremvisning eller dataspel. På nettsida finn du ferdige oppgåver for ulike klassetrinn og ei rekkee fag. Alt gratis, lettfattelig og klart til bruk.

Tips til bruk av nettsida

  • Søk på klassetrinn for å finne oppgåver tilpassa ditt kull
  • Søk på fag og sjå kva oppgåver du kan velge mellom
  • Søk i feltet for fritt søk
  • Dei fleste oppgåvene er knytt til kompetansemål i læreplanen.

Kulturarven i opplæringslova

I overordna del i opplæringslova heiter det at opplæringa i skule og læreverksemder skal opne dører mot verda og framtida og gje elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring. Vidare heiter det at opplæringa skal bidra til å utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og vår felles internasjonale kulturtradisjon (Opplæringsloven § 1-1, 2017).


Innsikt i vår historie og kultur er viktig for utvikling av elevenes identitet og skaper tilhørighet til samfunnet. Elevene skal lære å kjenne de verdiene og tradisjonene som bidrar til å samle menneskene i landet. Kristen og humanistisk arv og tradisjon er en viktig del av landets samlede kulturarv og har spilt en sentral rolle for utvikling av vårt demokrati. Den samiske kulturarven er en del av kulturarven i Norge. Vår felles kulturarv har utviklet seg gjennom historien og skal forvaltes av nålevende og kommende generasjoner.

Opplæringsloven § 1-2

Lykke til på skattejakt i kulturarven!

...og vil du bli bedre kjend med oss så kjem vi her:

VERN GJENNOM BRUK

Den digitale læringsplattforma du no er inne på er utvikla av Norsk Kulturarv – ein interesseorganisasjon med formål å sikre og vidareføre kulturarven vår til komande generasjonar.

Gjennom bærekraftig bruk av kulturarv langs kysten, i innlandet, i bystrøk og levande bygder legg Norsk kulturarv grunnlag for både kunnskap, læring og ny næringsutvikling basert på vår felles historiske arv.

Norsk Kulturarv arbeider med haldningskapande verksemd, informasjon og formidlar verdiar som gir inspirasjon, kunnskap og identitet. Mellom anna denne læringsplattforma for skolar og barnehagar.


Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene hvem har trakket opp den? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham



Markens grøde, Knut Hamsun

Bli gjerne betre kjend med Norsk kulturarv på www.kulturarv.no – eller ta en titt på nokre av prosjekta vi gir støtte til her:

Norsk Smaksskule

Kursverksemd for skule- og barnehagetilsette som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane.

Ta eit tak

«Ta et tak» er ein aksjon som rettar seg mot våningshus og driftsbygningar. Dette kan være verneverdige bygg i byar og tettstader eller bolighus knytt til landbruk, fiske, reindrift eller jakt.

Rydd et kulturminne

Stipend på 4000,- for å bevare kulturminner. Aksjonen skaper mye aktivitet rundt kulturminnet, og deltakerne lærer om kulturminnevern i praksis og får andre viktige verdier med på veien.