Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.
Bruk av tidslinjer gir elevane ei unik oversikt over komplekse tema og appellarer særskilt til elevar med visuell læringsstil.
Kor skal de studere befolkningsutviklinga? Skal de sjå på alle kommunane i heimfylket dykkar og samanlikne til sist? Dei 15 største byane i Noreg? Lag ei fordeling som passar til din klasse og avgjer om de skal arbeide i grupper på to og to, eller aleine.
Legg lista passe høgt for kor dypt elevane skal dykke ned i materialet. Bruk tidslinja som eit reiskap for å gi dei betre overblikk, uten å vente at elevane skal få full kontroll over temaet. Sjå over tidslinjene undervegs og gi dei innspel på kva meir dei kan legge inn.
Planlegg ein visitt til nærigaste arkiv litt inn i arbeidsperioda når elevane har komme så langt at dei har støtt på nokre spørsmål dei treng hjelp til å finne ut av.
Send elevane ei lenke til www.sutori.com og få dei til å registrere seg. Be dei finne "Befolkningsutviklingen i ..." laga av Norsk kulturarv skole og lage ei kopi av tidslinja (via prikkane i høgre hjørne øvst). Då er dei klare til å finne svar på spørsmåla, fylle inn og bygge si ega tidslinje om staden dei utforskar.
Tekst og eksempel: Kjersti Frackmann Strass