1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Støyp med tinn

Lag figurar, smykkar eller fiskeutstyr av smelta tinn slik “oldefar” gjorde.

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

  • Tinn frå hobbybutikk, eller brukt tinn til omstøyping
  • Kjøken med god vifte eller gassbrennar til å bruke ute
  • Smelteause (hobbyforretningar)
  • Form til støyping (kjøp ferdig eller lag sjølv)
  • Vernesko
  • Vernebriller
  • Talkum til formene
  • Små trestikker til å sjekke temperaturen
  • Avbitartang
  • Filer og stålull til siste finpuss
  • Forkle - helst i skinn

Slik gjer de

Det går fint å smelte tinn sjølv om du aldri har gjort det før. Men kvifor ikkje få med ein oldefar eller bestemor som hugsar tinnstøyping frå sin eiga barndom?

Tinnsoldatar er spora heilt attende til 1730, og var ei kjær leike for mange heilt fram til plasten tok over midt på 1900-talet. Hadde du først ei form, kunne du støype opp så mange figurar du ville.

De kan lage eigne former, eller nytte ferdigkjøpte former. Det er lettast å lage opne former, om de lager formane sjølv. Former kan lagas av sjølvtørkande leire (må være heilt tørr når de støyper), kleberstein, tre, gips eller anna materiale som toler varme. Kvifor ikkje nytte både ferdige og sjølvgjorde former? Då får elevane både prøve “profesjonell” tinnstøyping, og dei får gleda av å skape noko heilt frå botnen av. Nytt til dømes strikkepinnar av metall til å lage hol til kjede om de lagar smykkar.

Rigg deg til med eldfast underlag, hanskar, sikre sko og forkle. Sjølve smeltinga må gjeres av ein vaksen. Hugs å fjerne metallet frå varmekjelda etter at du har støypt ferdig. Ikkje nytt vann i nærleiken av metallet, støypeforma eller skeia, då det kan føre til metallsprut. Vask hendene godt etter støypinga.

Strø gjerne litt talkum i formene før dykk heller i tinn.

Reint tinn smelter på 232 grader og er enkelt å smelte. Om de nytter gamle tinngjenstandar, kan dei vere iblanda andre metall og ha ein anna smeltetemperatur. Sjansen er også større for at det dannar seg ein slags snerk (oksydbelegg) på toppen når du smelter tinnet, men det kan du skrape bort med ein spikar eller liknande. Smelt litt tinn om gongen, gjerne akkurat nok til å fylle forma.

Tinnet har riktig temperatur når du kan dyppe trestikka i metallet og sjå at det kjem ei tynn røyksky. Kraftig røyksky betyr at metallet er for varmt. Hell tinnet raskt, men forsiktig over i forma. Dunk litt i forma slik at metallet flyt godt ut og fyller alle detaljane. Tinnet stivnar i løpet av få minuttar. Ta tinnet ut av forma med ei tong.

Blei det bra? Tinn kan støypes om att og om att og nokre gonger treng forma å bli litt varm før den gir eit godt resultat. Men det er også ein del av prosessen å klippa av overflødig metall og file langs støypekanten.

Foto: Adobe Stock Photo

Klar for oppgåve?

TIPS

Eventyret “Den standhaftige tinnsoldat” av H. C. Andersen er fin arbeidslektyre.

KOMPETANSEMÅL

Etter 7. årssteget

  • nytte ulike teknikkar til å behandle overflata av eigne arbeid

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen