1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Slektstre Tippold Farge

Illustrasjon: Merete Dagsgard

Slektstre Tippold Farge

Eit tre av slektningar

La barna utforske slekta si gjennom eit slektstre og rekne på talet av tremenningar og oldeforeldre.

2-3 skuletimar

Legg til i favoritter

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

  • Skriv ut eit slektstre, med eller utan farge, til kvar elev
  • Du kan velje mellom to typar slektstre
  • Eit lokalt arkiv eller bibliotek med bygdebøker og kyrkjebøker
  • Hjelp frå foreldre og besteforeldre

Slik gjer de

  • Kvar elev får eit slektstre.
  • Skal de ha med fødslesår og dødsår?
  • La elevane skrive ned det dei veit sjølve.
  • Dra til eit lokalt arkiv og sjå kor mykje av slektstrea de klarar å fylle ut - før de ber om hjelp frå foreldre eller besteforeldre.
  • La elevane ha i lekse å fylle ut resten heime.
  • Hjelp elevar som ikkje har fått på plass alle ledd, med å søke i digitale kjelder
  • Vil du avansere noko, kan du be elevane knytte ein gjenstand til kvar slektning og skrive ned historia kring denne.
  • MATTEOPPGÅVER: Etter at alle trea er fylt ut, kan de løyse desse morosame rekneoppgåvene:

- Kva manne-namn og kva kvinne-namn går att flest gonger? Ha felles oppteljing på tavla.

- Kor mange oldeforeldre har kvar elev?

- Kor mange oldemødrer har klassa til saman?

- Kor mange tremenningar hadde kvar elev hatt dersom oldeforeldra fekk to barn kvar, som igjen fekk to barn, som igjen fekk to barn kvar?

- Kor mange tremenningar hadde kvar elev hatt dersom alle oldeforeldra fekk fem barn kvar som igjen fekk tre barn som igjen fekk to barn?

Klar for oppgåve?

Hei!

Klarer du å løyse desse morosame oppgåvene om slekta di?

- Kor mange oldeforeldre har du?

- Kor mange oldemødrer har klassa di til saman?

- Kor mange tremenningar hadde du hatt dersom oldeforeldra dine fekk to barn kvar, som igjen fekk to barn, som igjen fekk to barn kvar?

- Kor mange tremenningar hadde du hatt dersom alle oldeforeldra dine fekk fem barn kvar som igjen fekk tre barn som igjen fekk to barn?

TIPS

Inviter det lokale historielaget eller nokon frå Slekt og data til å komme og fortelje om slektsforskning.

KOMPETANSEMÅL

Etter 4. årssteget

  • finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen