1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Kabylsk vev med tretatovering

Lag stilige vevar sjølv og tryll fram tradisjonsrike band.

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

  • Trestykke til kvar elev (2 cm tykt og min 8x35 cm)
  • Lange spikre – min. 7,5 cm lange
  • Gråblyant og papir
  • Finkorna sandpapir
  • Bor - litt tynnare enn spikrane
  • Hammer
  • Avbitartong
  • Bark av furu
  • Treolje, til dømes linolje
  • Fille
  • Tapetknivar eller anna reiskap til å risse mønster
  • Garn
  • Saks
  • Store synåler/vevnåler
  • Synåler
  • Sytråd

Slik gjer de

Kabylsk vev er ein enkel vev som dei trur kjem frå Kabylia i Algerie. Når du vever på den, ser det ut som om bandet er laga av strikkemasker. Den kabylske veven har likskap med to-hulls-brikkevev, men er langt enklare å utføre, spesielt for barn.

Brikkevev er ein teknikk som er kjend meir enn 5000 år attende i tid. Det er funne spor av brikkeveving i Tegle-funnet på Jæren som daterast til 400-talet, og vi veit at brikkeveving var vanleg i vikingtida.

Kolrosing
Kolrosing har lang historie i Noreg og blei nytta i folkekunsten til å dekorere ulike gjenstandar av tre og bein som skeier, skrin og ski. Opphaveleg nytta dei kull som fargestoff, og derav namnet kolrosing. Teknikken utføres ved at du rissar inn eit mønster med en knivspiss før du gnir inn fargestoff og olje. Teknikken er fin for barn.

Du finn oppskrift på oppgåva med bilde som pdf under oppskrift-knappen til venstre.

Oppgåvebeskrivinga og bilda er henta med løyve frå Norges husflidslag barnegruppe Ung husflid.

Vev og tretatovering: Anker og Knut Abrahamsen. Veving: Kristine Fornes og Annie Eikenes. Foto: Annie Eikenes

Instruksjonsvideoen er laga av Randi West.

Klar for oppgåve?

TIPS

Kva med å sy banda fast til nøkkelringer og feste dei på sekkane?

KOMPETANSEMÅL

Etter 4. årssteget

  • lage enkle gjenstandar gjennom å strikke, veve, filte, sy, spikre og skru i ulike materialar

KOMPETANSEMÅL

Etter 7. årssteget

  • nytte ulike teknikkar til å behandle overflata av eigne arbeid

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen