1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Design Uten Navn 1
Design Uten Navn 1

Rydd eit kulturminne

La elevane gjere noko praktisk ved å rydde, lage sti eller sette opp skilt ved eit kulturminne i nærleiken.

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

  • Stipend?
  • Eit område de vil ta tak i
  • Reiskap
  • Førstehjelpsutstyr

Slik gjer de

Det er heilt sikkert eit kulturminne nær skolen dykkar som treng betre sti, skilt med informasjon eller anna tilrettelegging. Er det noko de har lyst å ta tak i?

Klassa di kan få 4000 kroner i stønad for å gjere eit kulturminne betre tilgjengeleg for folk. Kvifor ikkje sette saman noko praktisk arbeid med kunnskap om kulturarven? Eigarskap til plassen aukar i tråd med tida og innsatsen de legg i arbeidet.

De kan velje korleis kulturminnet skal få eit løft. Er vegen attgrodd? Er det mykje ein kan fortelje om plassen på skilt? Kan elevane få ulike oppgåver ut frå interessene sine? Er det nokon frå historielaget som kan bli med dykk og fortelje om plassen?

Over 35 000 barn har allereie tatt i eit tak for eit kulturminne gjennom ordninga til stiftinga Norsk kulturarv og stønad frå Sparebankstiftelsen DNB.

Hugs å ta kontakt med kommunen eller fylkeskommunen og grunneigarar før de sett i gang. Det kan vere naudsynt med ein byggjesøknad om de vil setje opp skilt.

Klar for oppgåve?

TIPS

Stiftinga Norsk kulturarv gir stønad til skolar som vil rydde kulturminne. Søk i veg!

Her finn du meir stoff og støtte

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen